Om Rotary og Førde Rotary Klubb

Karrieredagen i Sunnfjord er arrangert av Førde Rotary klubb i samarbeid med Førde vidaregåande skule, Sunnfjord kommune og HUB Yrkesfag. Rotary er eit internasjonalt nettverk av frivillige, og ein serviceorganisasjon som arbeider for samfunnsnyttige formål og med prosjekt lokalt og globalt. I verda er vi ca. 1,2 millionar medlemmer.

 

Ungdom står sentralt i arbeidet vårt, og vi har fleire ulike program for dei. Mellom programma er
internasjonal utveksling og leiarprogrammet “RYLA" for å inspirere, utfordre og utvikle morgondagens leiarar.

Difor engasjerer Førde Rotary klubb seg i Karrieredagen og arbeidet med ungdom og utdanning.

Førde Rotary klubb ønskjer å engasjere seg til beste for ungdommen i Sunnfjord. Vi tok difor initiativet til denne Karrieredagen. Saman med Førde vidaregåande skule, Sunnfjord kommune og HUB Yrkesfag ønskjer vi å lage eit årleg arrangement, der skule og jobbmarknad møter vgs-elevar og elevar i 9. og 10. klasse saman med føresette.

 

Dette gjer vi for å sikre at elevane får mest mogleg informasjon både om utdanningsval og ulike yrkes- og karriereval før dei bestemmer seg for vidaregåande skule og høgare utdanning.

Prosjektgruppa 2026

  • Rolf Thingvold, leiar
  • Dag Arve Savland
  • Gro Eliassen
  • Kjell Ove Nordeide
  • Jostein Angedal
  • Leif Kilnes
  • Arne Vassbotn
Kontakt oss