Bli med på Karrieredagen 2026
Karrieredagen i Sunnfjord er ein møtestad der elevar, føresette og andre interesserte kan lære meir om lokalt næringsliv og dei forskjellige yrke ungdommane kan velje i dag. For å vise den store breidda av jobb- og utdanningstilbod er både private og offentlege bedrifter og institusjonar inviterte til å ha stand/utstilling under arrangementet.
For kr. 3000,- + mva. får kvar utstillar ein standplass (3m x 1,5m) inkl. bord/straum og profilering på heimesida vår. Treng du meir plass, ta kontakt. Eit økonomisk overskot vil i hovudsak gå til diverse elevkonkurransar og gåver til klassane som deltek. Utstillarane vil møte inspirerte og engasjerte elevar. Skulane lagar opplegg for elevane som også skal løyse diverse oppgåver i samband med Karrieredagen.