Dette er Karrieredagen – møtestaden for elevar og næringsliv
Onsdag 21. oktober skjer det! Langt over 1000 elevar skal møte næringslivet i regionen. Blir di bedrift med?
Karrieredagen er ein møtestad der elevar, føresette og andre interesserte kan lære meir om lokalt næringsliv og dei forskjellige yrke ungdommane kan velje i dag. Bedrifter kan gje elevar
og foreldre førstehandsinformasjon om det dei lurer på, før ungdommane skal velje utdanningsprogram og opplæring. På same tid får bedriftene ein sjanse til å inspirere morgondagens arbeidstakarar og bygge omdømme for eigen bransje.
Karrieredagen bør vise den store breidda av jobbtilbod i Førde og omegn. Difor inviterer vi både bedrifter og institusjonar til å ha stand/utstilling under arrangementet.
Kva skjer denne dagen?
Karrieredagen blir arrangert på Førde vidaregåande skule. Bedrifter og institusjonar møter elevane på stands/utstillingar. Det kan vere presentasjonar, demonstrasjonar, enkle aktivitetar eller samtalar.
Elevar ved Førde vgs. besøkjer utstillingane i skuletida.
Elevane i 9. og 10. klasse er fordelt slik: Kl. 16.30–18.30 Førde ungdomsskule.
Kl 18.30–20.30 Naustdal skule, Sande skule, Skei skule, Viksdalen skule og Vassenden skule.
Også føresette og andre interesserte er inviterte til Karrieredagen for å hente kunnskap og inspirasjon.
Kvifor bør bedrifter delta?
For bedrifter er Karrieredagen ein flott arena til å
- Nå ut til framtidige lærlingar og medarbeidarar
- Vise fram yrke og fagområde der de treng kompetanse
- Styrke omdømmet til eiga bedrift og bransje
- Knyte kontakt med skular, rådgjevarar og lokalsamfunn
- Spegle den store breidda av jobbtilbod i Førde og omegn
Difor deltek alle 9.- og 10.-klassingane
For skulane gir Karrieredagen eit konkret og praksisnært supplement til karriere- og
utdanningsrettleiing.
Elevane møter folk frå arbeidslivet ansikt til ansikt og kan stille spørsmål før dei skal ta viktige val om utdanningsprogram og opplæring. Elevane ved den vidaregåande skulen er komne endå nærmare desse viktige vala. Difor er Karrieredagen ein god arena for møte med arbeidsmarknaden og høgare utdanning.