karrieredagen-sunnfjord.no
Bli med på
Karrieredagen
Sunnfjord 2027
Karrieredagen 2026 på Førde vidaregåande skule er avlyst, men vi satsar friskt på ny karrieredag hausten 2027!
Alle 9.- og 10.-klassingar i Sunnfjord kommune og elevar på Førde vgs. møter jobbmarknaden i Førde-regionen. Her kan bedrifter inspirere sine framtidige arbeidstakarar, og over 1000 ungdommar kan oppdage den store breidda av yrkes- og utdanningsval. På denne sida vil det komme meir informasjon når det nærmar seg Karrieredagen Sunnfjord 2027.
Kven er Karrieredagen for?
- Bedrifter og institusjonar som vil vise fram yrke, fag og utdanningar
- Alle elevar på 9. og 10. trinn i Sunnfjord kommune
- Elevar på alle trinn ved Førde vidaregåande skule
- Foreldre, skuletilsette og andre interesserte
Kvifor er Karrieredagen viktig?
Karrieredagen gir ungdommane eit tidleg møte med arbeidslivet i regionen. Utstillarane får presentere seg sjølv og styrke omdømmet til eigen bransje. Vi vil vise den store breidda av
jobbtilbod. Difor inviterer vi både bedrifter, det offentlege og institusjonar til å ha stand/utstilling under arrangementet.
Kven står bak Karrieredagen?
Karrieredagen i Sunnfjord er tenkt som eit årleg arrangement. Førde Rotary klubb tok initiativet og samarbeider med Førde vidaregåande skule, Sunnfjord kommune og HUB Yrkesfag. I 2026 er Karrieredagen, som vart planlagt onsdag 21. oktober, blitt avlyst på grunn av for lite breidde i påmelde utstillarar.